Referat frå årsmøte på Heimtun 25.febr.2026

Publisert av Lilly Kristine Berland den 27.02.26.

Leiar Odd Thunes ønska 47 deltakere velkommen til årsmøte og introduserte foredragshalder Per Edvard Andersen fra Stokken. Per Edvard fortalde og Hanne Line Hvalby synte bilder knytta til Sabotasjeaksjonen mot kraftstasjonen på Smelteverket 20. nov. 1943. Tyskerne hadde fått interesse for Silisiumkarbid-produktet (SIKA) for bruk i våpenindustri. For å stoppe produksjonen av silisiumkarbid utan at menneskeliv gjekk tapt, var planen å sette kraftstasjonen ut av drift. Tre unge gutter som var medlem av kompani Linge trente på oppdraget i London, og blei frakta med Hallifaks fly og landa i fallskjerm ved Flaten i Åmli. Dei tok seg fram til Smelteverket og fekk sprengt kraftstasjonen, og rømte deretter unna. Ingen menneskeliv gjekk tapt, men to personer på Smelteverket vart arrestert i ettertid og sendt til Arkivet i Kristiansand og videre. Sabotasjen på Smelteverket er ei utruleg historie på høgde med Vemork -sabotasjen.

Leiar Odd Thunes styrte årsmøte på ein ryddig og god måte som alltid. Årsmelding og regnskap synte stor aktivitet dette året og ny innhaldsrik aktivitetsplan blei lagt fram. Leiar Odd Thunes hadde bedt om avløsning og som ny leiar blei Erik Noddeland valgt. Dei andre i styret som var på val, sa ja til gjenval, og som ny vara -medlem blei Theis Theisen valgt. Avtroppende leiar Odd fekk gode ord, applaus og velfortjent blomsterbukett for arbeidet som leiar for laget i 5 år.  

Etter årsmøte blei det servert påsmurte skiver, kringe og kaffi.

Anne Ma Nyerrød og Anders Aaberg styrte lotteriet for kvelden. Stor takk til alle loddkjøperne, heile 800 lodd blei seldt. Fantastiskt!

Vi takkar dei som sponsa oss med gevinster. Gevinster frå Bertel O. Steen og Sjøsenteret , egg frå Søstrene Kjevik, Morten Siring og Espen Brømnes.

Nyvalgt leiar Erik Noddeland takka for tilliten og avslutta årsmøte.